På sommarstid er det i dei fleste tilfelle torevær som fører til straumutfall, mens på vinterstid kan det både vere sterk vind, tung/våt sno, eller ein kombinasjon av dette som fører til feil. 

Kva gjer vi, og kva kan du som kunde gjere i slike tilfelle?

Vakta vår på driftsentralen  i Høydalsmo, får automatisk melding om alle utfall i høgspentnettet i vårt område, og vil straks setje inn tiltak for å rette feilen. Du som kunde vil i mange tilfelle oppleve at straumen kjem att ei kort stund, for så å bli borte igjen. Dette er driftsvakta som ved fjernstyrte bryterar prøvar å legge inn att straumen. 

I slike tilfelle treng du ikkje varsle oss for å melde om straumstans. Men om du til dømes ser at det ligg eit tre på linja, at linja har gått av og ligg på bakken, eller at det brenn i ein stolpe, vil me gjerne at du melder ifrå.

Det kan vere frusterande som kunde å oppleve at straumen kjem og dett ut fleire gonger i etterkant av eit utfall. Som nemnt er det driftsvakta som "prøvekoplar" etter å ha starta feilsøking på nettet via fjernstyring. Vi har mange fjernstyrte bryterar rundt om i høgspentnettet, og kan slik sett på ein rask måte gjere omkoplingar i nettet for å "isolere feilstaden" til eit avgrensa område. 
Dette betyr at mange kundar kan få att straumen allereie før montørane rykker ut for å utbetre feilen.