Høgsesong for bustadbrannar - hugs å teste røykvarslaren
Ein fungerande røykvarslar kan vera forskjellen mellom liv og død, og no i førjulstida er det ekstra viktig å ta branntryggleiken på alvor.
1. desember er Røykvarslardagen – ein nasjonal dugnad for branntryggleik. Formålet er lett, men livsviktig: å minna alle om å testa røykvarslaren. Det handlar ikkje bare om å ha ein varslar i taket, men å vita at han faktisk fungerar. Å trykkje på testknappen tek bare nokre sekund, men den vesle lyden du høyrer, kan vera den viktigaste påminninga du får heile året.
Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom Brannvernforeningen, Gjensidige Forsikring, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Det lokale eltilsynet (DLE) og brannvesenet i landet.
Kvifor er dette viktig?
Halvparten av alle dødsbrannar skjer i bustader utan fungerande røykvarslar. I fylgje DSB manglar omtrent éin av ti norske bustader ein fungerande varslar, og mange har bare éin varslar i heile huset. Det gjev ikkje tilstrekkeleg varsling ved røykutvikling. Ein fungerande røykvarslar er den enklaste og rimelegaste «livsforsikringa» du kan ha.
Det lokale eltilsynet (DLE) i Telemark Nett jobbar for å redusere risikoen for brann og ulykker forårsaka av elektrisitet.– Me ser dessverre at mange brannar startar i elektriske anlegg eller utstyr. Derfor er det viktig å kombinera sjekk av røykvarslar med ei forståing for eltryggleik – spesielt no i førjulstida med mykje belastning på det elektriske anlegget.
Sjekkliste for Røykvarslardagen:
- Trykk på testknappen og høyr at varslaren fungerer.
- Bytt batteri om du er usikker.
- Sørg for minst éin røykvarslar i kvar etasje – helst seriekopla.
- Monter varslaren på høgaste punkt i taket, minst ein halvmeter frå veggen.
- Sjekk at du høyrer alarmen godt frå soverom med lukka dør.
- Byt ut røykvarslarar som er eldre enn 8–10 år.
- Rydd rømmningsvegar og kontroller sløkkjeutstyr.
- Hjelp andre, til døme eldre familiemedlemmer eller naboar, med å testa røykvarslaren.
- Gjer det til ein rutine: 1. desember kvart år.
Ekstra tips frå DLE:
- Unngå overbelastning av stikkontaktar og skøyteleidningar.
- Ikkje lad mobil eller elbil om natta utan godkjent utstyr.
- Sjekk at elektriske apparat og leidningar er i god stand.
Hugs: Branntryggleik er eit felles ansvar. Ta deg tid til å testa røykvarslarane i dag – det tek berre nokre sekund, men kan redda liv.