Info om Norgespris
Norgespris er ei ny statleg ordning som skal gje deg ein forutsigbar straumpris gjennom året. Ordninga gjev ein fast pris pr. kilowatt time (kWh) for straumforbruk heime og på hytta. Det er utvikla ei digital bestillingsløysing slik at du kan bestille Norgespris. Det blir åpna for bestilling frå 24.09.2025 kl. 09.00.
- Norgesprisen for perioden 01.10.2025 - 31.12.2026 er sett til 50 øre/kWh inkl. mva. I tillegg kjem påslag frå kraftleverandøren din.
- Norgespris gjeld både for hushald og hytter, og gjeld straumforbruk opp til 5000 kWh/mnd. for bustad og 1000 kWh/mnd. for hytter.
- På same måte som med straumstønaden er det nettselskapa som skal administrere ordninga, men digital bestilling vil skje via Elhub. Det blir åpna for digital bestilling av Norgespris frå 24.09.2025 kl- 09.00. Digital bestilling krev Bank-ID
- Viss du ikkje har bank-id for elektronisk bestilling må du kontakte nettselskapet ditt.
Bør du velge dagens straumstønad eller Norgespris?
- Du kan nå logge inn på "Min side Elhub" i Elhub for å sjå om det kan være gunstig for deg å velge Norgespris.
- Vi har samanlikna dei to ulike ordningane i prisområdet NO2 som er det området våre kundar har.
- Dette er historiske tal, og vi presisere at vi ikkje veit noko om framtidas spotprisar.
- Dersom du ikkje gjer noko val vil du på bustaden din halde fram med straumstønad som i dag.
| Årleg forbruk | Norgespris | Dagens strømstønad | Differanse |
|---|---|---|---|
| 10000 kWh | 3290 | 1240 | 2050 |
| 20000 kWh | 6350 | 2400 | 3900 |
| 30000 kWh | 9350 | 3300 | 6050 |
Berekninga tek utgangspunkt i middel spotpris i NO2 siste tolv månadar. Oversikten visar at du ville betalt mindre ved å velge Norgespris. Men viss du brukar mest straum når prisen er låg kan resultatet bli litt annleis.
Du finn meir informasjon om Norgespris via lenken her:
- Les meir om Norgespris på Elhub sine sider
- Slik blir Norgesprisen fakturert
- RME sine informasjonssider om Norgespris
- Energidepartementet sitt oversyn over spørsmål og svar om Norgespris