Mange som framleis ikkje har vald Norgespris
Tapte inntekter for kundar som ikkje vel Norgespris
I nokre år har det vore ei statleg straumstøtteordning til hushaldskundar (ikkje hytter). Ordninga dekker i dag 90% av spotpris over 75 øre/kWh for inntil 5000 kWh/månad. Denne støtta blir avrekna time for time i høve til kundens forbruk. Det samla støttebeløpet (+ 25% mva) blir automatisk utbetalt over nettleiga kvar månad; - til alle som ikkje har vald Norgespris.
Frå oktober 2025 kom det ei alternativ støtteordning på plass, kalla Norgespris. Namnet er diverre svært missvisande sidan dette ikkje er ein pris, men ei alternativ støtteordning. Denne støtteordninga gjeld også for inntil 5000 kWh/månad for hushald, men i tillegg også for inntil 1000 kWh/månad for hytter. For Hushald er denne støtteordninga klart betre enn den gamle når spotprisen er over 40 øre/kWh i gjennomsnitt over året. For hytter er sjølvsagt ordninga betre uansett, sidan støtta er null dersom kunden ikkje aktivt vel Norgespris.
I dag 5.januar er midlare spotpris 194 øre/kWh inkl mva. Hushaldskundar utan Norgespris tapar i dag 54 øre/kWh og hytter tapar 144 øre/kWh i støtte. Det er grunn til å tru at prisen vil halde seg høg ei beite. Over året blir det mindre utslag, men ekspertanes estimat er ein vekta snittpris på 80-90 øre/kWh inkl mva.
Status i dag er at 24% av hyttene og 43% av hushald i Telemark Nett sitt område framleis ikkje har vald Norgespris. Totalt 4600 kundar. Desse betalar då meir enn nødvendig for straumen kvar einaste time. Norgespris-støtta må kundane tinge sjølve på www.elhub.no. For hjelp eller spørsmål kan ein ta kontakt med Telemark Nett sitt kundesenter på tlf 35075700 (0900-1400).