Namnet på nettselskapet blei etter kvart underkjent av NVE-RME fordi det likna for mykje på andre selskapsnamn i konsernet. I 2022 blei difor namnet endra til Telemark Nett AS. Ved vedtak i NVE-RME av 04.11.2024 blei Telemark Nett AS endå ei gong pålagt å endre namn. Denne gongen med grunngjeving at namnet likna for mykje på kraftomsetningsselskapet Telemark Kraft AS i Tinn, som var stifta i mellomtida. Telemark Nett anka ikkje dette vedtaket til Elklagenemnda.

Styret i selskapet vedtok 5.12.2025 å endre namn til TNett AS med domene tnett.no. Vedtaket var samrøystes. Logo blir vidareført uendra då den skiller seg tydeleg frå logoane til andre selskap i konsernet og frå Telemark Kraft AS sin. Styrets tilråding blei fylgd opp med vedtektsendring på ekstraordinær generalforsamling i selskapet 9.12.2025. Endringsmelding blei sendt Brreg 17.12.2025 og godkjent 14.01.2026.

Vi meiner at det nye namnet TNett AS (inkl logo og domene) skiller seg klart fra både andre selskap i konsernet og frå Telemark Kraft AS og difor ikkje kan vera i strid med NEM-forskrifta §4-18. Vi reknar difor avviket av 04.11.2024 no som lukka.

Fyrste bokstaven i namnet er eit element henta frå selskapets logo og illustrerar ei høgspent T-mast (også kalla enkeltmast). Dei har vi tusenvis av i vårt nett og er eit vanleg element i landskapsbildet i Vest-Telemark.

Namneendringa gjeld frå dags dato og vil så snart som mogeleg fullt ut bli implementert i selskapet.

15. januar 2026
Ketil Kvaale
Dagleg leiar
97141311